Samtykket gjeld fjerning av Tor 2/4E-plattformen (Tor) inkludert fakkelinstallasjonen,samankoplingsbrua, og Eldfisk 2/7FTP Flare Structures (ELDFF). 

15 plattformer er så langt fjerna frå Ekofisk-området under ulike søknader om samtykke.

Tor

Torfeltet ligg i Nordsjøen. Feltet var første gang i produksjon frå 1978 til 2015. Plan for utbygging og drift (PUD) for reutbygging av Tor vart godkjent i 2019. Feltet er no bygt ut med ei havbotnløysing med to brønnrammer og tilknytting til Ekofiskfeltet for prosessering og eksport. Produksjonen starta igjen i 2020.

Kjelde: norskpetroleum.no

Eldfisk

Eldfiskfeltet ligg i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen, ti kilometer sør for Ekofisk. Feltet vart påvist i 1970, og plan for utbygging og drift (PUD) vart godkjent i 1975. Produksjonen frå Eldfisk starta i 1979. 

Kjelde: norskpetroleum.no