For å kunne utvinna dei resterande reservane i Vale-feltet har Spirit Energy søkt om samtykke til å forlenga levetida for feltet. Vi har no gitt samtykke til forlenga levetid fram til 11. juni 2023.

Samtykket er gitt blant anna på bakgrunn av Spirit Energy sin dokumentasjon av vurderingar som konkluderer med at innretningane kan drivast vidare forsvarleg og i samsvar med krav i regelverket.

Kva er forlenga levetid?

Ny teknologi, nye driftsmetodar og tiltak som gjer det mogleg å få opp meir olje og gass enn det som opphaveleg var planen, gjer at rettshavarane ofte ønska å bruke dei gamle innretningane også etter at dei har nådd aldersgrensa.

Å bruke dei gamle innretningane ut over designlevetida vil i mange tilfelle vera samfunnsøkonomisk fornuftig. Samstundes er det ikkje akseptabelt at forlenga levetid av aldrande innretningar går ut over sikkerheita.