Operatør: Lundin Norway AS
Felt: Edvard Grieg
Planlagt oppstart: Andre eller tredje kvartal 2020.
Varigheit: 11 dagar.
Om samtykket:
Samtykket omfattar arbeid for å knytta prøveproduksjonen frå Rolvsnesreservoaret til Edvard Grieg-innretninga.
16/1-12 (Rolvsnes/Edvard Grieg Sør) er eit funn i den midtre delen av Nordsjøen, like sør for Edvard Grieg-feltet. Havdjupna er 100 meter. Funnet blei påvist i 2009.
I 2019 godkjende styresmaktene ein søknad om eitt års testproduksjon for å betre forstå reservoaret. Testproduksjonen skal etter planen starta i 2021. Brønnstrømmen fra Rolvsnes skal prosesserast på Edvard Grieg.