Brønn 35/11-23 tilhøyrer utvinningsløyve 090, kor Equinor er operatør. Brønnen har fått prospektnamnet Echino Sør.

Equinor søkte óg om samtykke til å bora eit mogleg sidesteg frå brønnen, men vi har ikkje gitt samtykke til det. Vi viser i denne samanhengen til Miljødirektoratet sitt vedtak (ekstern lenke) frå august 2019, der dei avslo Equinor sin søknad om løyve til å bora sidesteg frå brønn 35/11-23.

Staden der brønn 35/11-23 skal borast ligg om lag 20 kilometer nord for Trollfeltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Dei geografiske koordinatane er:

  • 61° 01' 14.70" Nord
  • 03° 27' 49.21" Aust

Havdjupna på staden er 352 meter.

Boringa startar tidlegast 20. september 2019, og er venta å vare i 39 dagar dersom det blir gjort funn.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Deepsea Atlantic, som er eigd og operert av Odfjell Drilling.

Deepsea Atlantic er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen MODU GVA 7500. Ho blei bygd ved verftet DSME i Sør-Korea og vart ferdigstilt i 2009.

Deepsea Atlantic fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2009.