Samtykket omfattar boring av produksjons- og injeksjonsbrønnar for Eldfisk 2/7 S-innretninga.

Boreaktivitetane startar etter planen i første kvartal 2019.

West Elara er ei oppjekkbar boreinnretning (jack-up) eigd og operert av Seadrill Europe Management (Seadrill).

Eldfisk

Eldfiskfeltet ligg i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen, ti kilometer sør for Ekofisk. Feltet vart påvist i 1970, og plan for utbygging og drift (PUD) vart godkjent i 1975. Produksjonen frå Eldfisk starta i 1979. 

Kjelde: norskpetroleum.no

PUD for Eldfisk II vart godkjend i 2011, og omfatta blant anna oppgradering av eksisterande infrastruktur på feltet, ei ny integrert brønnhovud-, produksjons- og bustadinnretning (Eldfisk 2/7 S) og nye produksjonsbrønnar.

Boringa med West Elara er ein del av dette prosjektet.