Samtykket omfattar bruk av den flyttbare boreinnretninga Deepsea Nordkapp til boring av ein produksjonsbrønn på Alvheimfeltet, kor Aker BP er operatør.

Boringa startar etter planen i februar 2020 og er estimert til å vara i 90 dagar.

Deepsea Nordkapp er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Moss Maritime CS 60E, eigd og driven av Odfjell Drilling.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2019.

Alvheim

Alvheimfeltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, vest for Heimdal. Feltet omfattar seks forekomstar; Kameleon, Boa, Kneler, Viper, Kobra og Gekko. Havdjupna i området er 120–130 meter. Alvheim blei påvist i 1998, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2004. Feltet er bygt ut med havbotnrammer knytt opp til eit produksjonsskip (FPSO). Produksjonen starta i 2008.

Kjelde: norskpetroleum.no