Statoil Mongstad har fått samtykke til å utføre nødvendige ombyggingar og tilpassingar i raffineriet og kraftvarmeverket som følgje av at den eksisterande gassforsyningsavtalen til kraftvarmeverket opphøyrer.
Med dette opphøyrer også ordinær drift av kraftvarmeverket. Raffineriets varmebehov vil bli dekt gjennom ombygging av gassturbin 12 (GT12) til ein gassgenerator.