Målet med boringa av brønn 15/3-10 "Sigrun Appraisal" er å avgrensa eit tidlegare funn i Nordsjøen, 15/3-4 Sigrun, som vart påvist i 1981.

Statoil er operatør for boringa, og tek sikte på borestart i midten av april 2018. Boreoperasjonen vert estimert til 52 døgn.

Vassdjupna på staden er 108,5 meter.

Borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 58°49'13.889" Nord
  • 01°52'2.017" Aust

Brønnen skal borast med Deepsea Bergen, som er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.2, bygd ved Aker Verdal i 1983. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg.

Deepsea Bergen fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2001.