Vi har gitt Statoil samtykke til bruk av ei uskifta røyrledning mellom Heidrun og havbotnstruktur E på Heidrunfeltet.
Utskiftinga av Heidrun P-E røyrledning er ein del av eit prosjekt for å vidareutvikla og auke levetida av Heidrun Nordflanken med 20 år.
Heidrun
Heidrunfeltet ligg på Haltenbanken i Norskehavet, 30 kilometer nordaust for Åsgard. Havdjupna er 350 meter. Heidrun vart påvist i 1985, og plan for utbygging og drift (PUD) vart godkjent i 1991. Feltet er bygt ut med ei flytande strekkstaginnretning (TLP) i betong over ei botnramme med 56 brønnslissar. I tillegg er det seks havbotnrammer i den sørlege og nordlege delen av feltet som er knytta tilbake til Heidrun TLP. Produksjonen starta i 1995.
Kjelde: norskpetroleum.no
Tidspunktet for installasjonen av ny røyrledning er mai/juni 2018 og forventa oppstart er mellom juli og september 2018.