Statoil har tidlegare fått samtykke til bruk av Island Wellserver og Island Frontier til brønnintervensjonsaktivitetar på felt i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Samtykket er no utvida, slik at det også omfattar felta Johan Sverdrup og Sigyn.

Samtykket gjeld frå 1. mars 2018 til 31. mars 2020.

Feltene

Johan Sverdrup-feltet ligg på Utsirahøgda i Nordsjøen, 40 kilometer sør for Grane og 65 kilometer nordaust for Sleipner. Feltet er under utbygging og produksjonen skal etter planen starta i 2019. Statoil er operatør.

Sigynfeltet ligg i Sleipner-området i den sentrale delen av Nordsjøen. Feltet er bygt ut med ei havbotnramme kopla til Sleipner Øst. Statoil overtok i 2017 operatørskapet for Sigyn frå ExxonMobil.

Injektivitetstesting

I tillegg til to nye felt, er samtykket utvida til også å omfatta injektivitetstesting. Dette er ein aktivitet der ein testar og loggar injeksjon av vatn i reservoaret. Injektivitetstesting er ein ny arbeidsoperasjon for Island Wellserver og Island Frontier. 

Dei to innretningane er eigd av Island Offshore, som har hovudkontor i UIsteinvik.

Island Frontier vart bygd i 2004 ved Søviknes verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL. Island Frontier fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i oktober 2006.

Island Wellserver vart bygd i 2008 ved Aker Langsten verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL. Island Wellserver fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2009.