Endringa inneber at beredskapsfartøyet som i dag er dedikert til Edvard Grieg vil bli fjerna. Tilgang til beredskapsfartøy sikrest i staden ved at Lundin inngår avtale om å delta i fartøydelen av områdeberedskapsordninga for Sleipner-Utsira-området. Lundin er allereie tilknytta denne ordninga når det gjeld SAR-beredskap og havovervaking.

Områdeberedskap

Områdeberedskap er samarbeid om beredskap mellom fleire innretningar og felt, der føremålet er å dele på maritime og luftborne beredskapsressursar. Dette kan omfatte beredskapsfartøy, redningshelikopter eller andre ressursar.