Equinor har på vegner av rettshavarane i utvinningsløyve 199 fått samtykke til boring av leitebrønn 6406/2-9 S. Brønnen skal borast for å undersøka eit prospekt dei kallar «Ragnfrid Nord», like sør for Kristinfeltet i den sentrale delen av Norskehavet.

Den geografiske lokasjonen for boringa er:

  • 64° 48’ 18.22’’ Nord
  • 06° 26’ 51.08’’ Aust

Havdjupna på staden er 278 meter.

Planlagd borestart er primo juni 2018. Boringa er estimert til å vara i 81 dagar, gitt funn.

Brønn 6406/2-9 S skal borast med den flyttbare boreinnretninga West Phoenix. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Moss Maritim CS50, operert av North Atlantic Drilling.

West Phoenix fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i juni 2008.