Equinor er operatør for utvinningsløyve 857. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 7132/2-2, kor målet er å undersøka eit prospekt dei har kalla «Gjøkåsen Deep».

Lokasjonen har følgjane geografiske koordinatar:

  • 71º 50’ 28.37” N
  • 32º 23’ 17.91” A

Havdjupna på staden er 304 meter.

Brønn 7132/2-2 skal borast med den flyttbare boreinnretninga West Hercules. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen GVA 7500, operert av North Atlantic Drilling.

West Hercules fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i desember 2012.