Aker BP er operatør for utvinningsløyve 028B. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 25/10-16 S, kor målet er å undersøka eit leiteprospekt kalla «Hanz».
Brønnen ligg i Nordsjøen og borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane:
- 59° 02’ 12.88" N
- 02° 13’ 41.63" A
Havdjupna i området er 113 meter.
Brønnen skal borast med Maersk Interceptor. Innretninga vart levert frå Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Maersk Interceptor er eigd av Maersk AS og vert operert av Maersk Drilling Norge AS.