Samtykket omfattar bruk av innretninga Maersk Interceptor til boring og komplettering av to vanninjeksjonsbrønnar på feltet Ivar Aasen, som ligg i Nordsjøen.
Dei geografiske koordinatane på brønnane 16/1-D-6 og 16/1-D-7 er:
58° 55' 20.29'' N
2° 11' 53.22'' A
Boringa er planlagt starta i februar 2018.
Maersk Interceptor vart levert frå Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga er eigd av Maersk AS og vert operert av Maersk Drilling Norge AS.