Varg er eit oljefelt som ligg i Nordsjøen, om lag 220 kilometer sydvest for Utsira i Rogaland. Feltet er bygd ut med brønnhovudinnretninga Varg A, undervasstrukturar og den flyttbare produksjonsinnretninga Petrojarl Varg (FPSO). Produksjonen frå feltet starta i 1998.

Repsol Norge AS (Repsol) er operatør på Vargfeltet, etter at selskapet i 2015 kjøpte opp Talisman, som hadde hatt operatørskapet frå 2005. Reiarlaget Teekay har stått fo drifta av dei to innretningane på feltet på vegne av operatøren.

Repsol planlegg å stanse produksjonen frå feltet i juni 2016, og har søkt om samtykke til fjerning av Petrojarl Varg og undervasstrukturane på feltet. Petrojarl Varg vil forlate feltet i august 2016, medan fjerning av undervasstrukturar startar seinare i tredje kvartal. Brønnhovudinnretninga Varg A vil verte ståande medan plugging og fjerning av brønnane går føre seg.

Ptil har gitt Repsol samtykke til fjerning slik selskapet har søkt om.