Lundin er operatør for utvinningsløyve 492, som omfatter blokkane 7120/1 og 7120/2 i Barentshavet.
Ptil har gitt Lundin samtykke til å bore leitebrønn 7120/1-5 i eit prospekt kalla Gohta. Brønnen vil ha koordinatane:
71o 56' 15,97" N
20o 14' 57,37" A
Borestaden ligg om lag 185 kilometer nordvest for Hammerfest. Havdjupna på staden er 368 meter. Boringa er planlagd å starte i desember 2016 og vil vare i 73 dagar. Ein mogleg brønntest vil komme i tillegg.
Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Leiv Eiriksson, som er eigd og operert av Ocean Rig. Innretninga er av typen BINGO 9000 og er bygd i 2001. Ho har klasse i DNV GL og er registrert på Bahamas.
Ocean Rig fekk samsvarsfråsegn (SUT) for Leiv Eiriksson frå Ptil i juli 2008.