Faroe Petroleum Norge AS (Faroe) tek over operatøransvaret frå Dong E&P Norge AS.

Sjølv om det tidlegare er gitt samtykke til bruk av innretningar og røyrleidningar, må den nye operatøren ha samtykke til å bruke desse. Det er fordi samtykke til bruk òg omfattar dei relevante delane av styringssystemet hjå operatøren.

Oselvar

Oselvarfeltet ligg i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen, 21 kilometer sørvest for Ula. Havdjupna i området er 70 meter. Oselvar blei påvist i 1991, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2009. Utbyggingskonseptet var ei botnramme med tre horisontale produksjonsbrønnar kopla til Ula. Produksjonen starta i 2012 og vart avslutta i 2018.

Kjelde: norskpetroleum.no

 

Trym

Trym ligg i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen, tre kilometer frå grensa til dansk sektor. Havdjupna i området er 65 meter. Trym blei påvist i 1990, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2010. Feltet er bygt ut med ei botnramme med to horisontale produksjonsbrønnar knytta til Harald-innretninga i dansk sektor. Produksjonen starta i 2011.

Kjelde: norskpetroleum.no

Ptil har no gitt Faroe samtykke til bruk av innretningane og røyrleidningane som er knytte til desse.