Valhall er eit oljefelt som ligg i den sørlege delen av Nordsjøen på 70 meter havdjup. Feltet blei opphavleg bygd ut med bustadinnretning, boreinnretning og produksjonsinnretning. I 1996 blei det installert ei brønnhovudinnretning (Valhall WP) med plass til 19 ekstra brønnar.

Dei fire innretningane er knytte saman med gangbruer. Ei vassinjeksjonsinnretning blei installert sentralt på feltet i 2003. Flankeutbygginga omfattar to brønnhovudinnretningar, ei i nord og ei sør på feltet. Innretninga i sør starta produksjonen i 2003, og innretninga i nord starta produksjon i 2004.

Det er forventa auka vassproduksjon som eit resultat av vassinjeksjonen på Valhall og gassløft vert gjort for å opprettholda ein stabil produksjon frå brønnane på IP.

Ptil har nå gitt BP Norge samtykke til gassløft på Valhall IP.