Gina Krog er eit olje- og gassfunn som ligg i blokk 15/5 og 15/6 i den midtre delen av Nordsjøen. Statoil er operatør for feltet, som ligg om lag 250 kilometer vest for Stavanger og 30 kilometer nordvest for Sleipner A-innretninga.
Feltet skal byggast ut med ei botnfast, integrert innretning. Olje frå feltet vil verte eksportert med skip via ei lastebøye, medan gassen skal transporteras til Sleipner for prosessering og vidare eksport gjennom Gassled. Produksjonen er planlagd starta tidleg i 2017.
Statoil har no fått samtykke frå Ptil til ombyggingar på Sleipner A-innretninga i samband med tilknytinga av røyrleidninga frå Gina Krog og å ta dei i bruk.