I medhald av forskrift om styring og opplysningsplikt i petroleumsverksemda og enkelte landanlegg (styringsforskrifta) § 25 bokstav d, har Ptil no gitt Gassvo samtykke til forlenga drift av Draupner S til 31.12.2028.

Draupner S- og Draupner E-innretningane er ein viktig del av Gassled, det norske transportsystemet for naturgass. Ein stor del av gassen som blir levert gjennom dette nettet passerer Draupner.

Gassco er operatør, med Statoil som teknisk tenesteytar.

Draupner S-innretninga vart opprinnelig designa for ei levetid på 30 år, rekna frå installasjonen i 1984.

Dagens gassproduksjon på norsk sokkel viser at det er bruk for Draupner som gassknutepunkt i lang tid enno.

Hva er levetidsforlengelse?

Ny teknologi, nye driftsmetoder og tiltak som gjør det mulig å få opp mer olje og gass enn det som opprinnelig var planen, gjør at rettighetshaverne ofte ønsker å bruke de gamle innretningene også etter at de har nådd aldersgrensen.

Å bruke de gamle innretningene ut over designlevetiden vil i mange tilfeller være samfunnsøkonomisk fornuftig. Samtidig er det ikke akseptabelt at levetidsforlengelse av aldrende innretninger går ut over sikkerheten.

Hovedfunksjonen til Draupner-innretningane er å regulere mengde, trykk og gasskvalitet for maksimal verdiskaping i gasstransportkjeda. Draupner er óg tilkomstpunkt for inspeksjon og vedlikehald av røyrleidningar.

Draupner S-innretninga vart satt i drift i april 1985, som ein del av Statpipe-systemet.

Draupner E-innretninga vart satt i drift i oktober 1995, som ein del av Europipe 1-røyrledningen frå Draupner til Dornum i Tyskland.

Draupner er i dag knutepunkt for sju store røyrleidningar.

Det går bru mellom innretningane. Bustadfasilitetar og kontrollrom er plassert på Draupner S. Maks bemanning på Draupner er 38 personar. Normal driftsbemanning utgjer cirka 20 personar.