Mål

Målet med dagen er å samla næringa, dela informasjon, kunnskap og erfaringar. På den måten kan me læra av kvarandre, forstå ulike utfordringar og auka kompetansen knytt til temaet.

Kven er målgruppa?

Målgruppa er hovudsakleg personell hos operatørar, reiarar, serviceselskap og andre som jobbar med sikringsfaget og personelltryggleik i petroleumsnæringa.

Kva kan du forventa?

Fagpresentasjonar: Skildringar frå ulike aktørar korleis dei tilnærmar seg temaet.

Nettverksbygging: Møt og knyt kontaktar.

Erfaringsdeling: Delta i uformelle diskusjonar og del erfaringane dine.

Sikre din plass i dag - me har berre nokre få plassar.

Me ser fram til å ønskja deg velkommen til ein dag fylt med læring, inspirasjon og samarbeid.