Arbeidslivet er i stadig endring. Innan næringar som petroleumsindustri, politi/brannvern og offentleg administrasjon har kring 50 prosent av dei tilsette opplevd omstilling eller større omorganiseringar.

Spørsmålet er kva grep verksemder kan ta for å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø også under omstilling? 

Innhald

I seminaret får du råd, tips og erfaringar du kan bruke i eiga verksemd. Vi startar med fagleg innblikk i temaet omstilling, krav i regelverket og erfaringar frå tilsyn. Deretter har vi spennande gjestar i ein open panelsamtale.

Du vil også få prøve nettressursar som kan bidra i det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet. Vi legg opp til dialog og erfaringsutveksling.

Målgruppe

Målgruppe for seminaret er leiarar, tillitsvalde, verneombod og HR/HMS-personell.