Sidan 2018 har Ptil gjennomført to brukarundersøkingar kvart år:
- Revisjonsundersøking – blir sendt til enkeltselskap i etterkant av revisjonar. Målet er å gje innsikt i korleis våre revisjonar vert oppfatta og kva effekt dei har, og avdekke forbetringspunkt.
- Overordna undersøking – blir sendt til myndigheitskontaktar og hovudverneombod hos alle rettshavarar, operatørselskap, landanlegg og selskap som står for drifta av flyttbare innretningar.
Samla dekker desse to undersøkingane eit bredt spekter av spørsmål, blant anna knytt til selskapa sitt eige sikkerheitsarbeid, vurderingar av gjeldande regelverk for sektoren, og korleis ein oppfattar Ptil og arbeidet tilsynet gjer, i enkeltrevisjonar og generelt.
Brukarundersøkingane vert gjennomført av ein ekstern konsulent (Ideas2evidence) på vegne av Ptil.
Resultata frå undersøkingane vert oppsummerte i årlege rapportar og blir brukt av Ptil for å vurdere effektar av innsatsen vår og gjere forbetringar.
Vi set stor pris på det arbeidet som blir lagt ned i å svare på våre brukarundersøkingar då dette bidreg positivt til Ptil sitt forbetringsarbeid.