Spørsmål  

Er regelverkskompetanse obligatorisk? Kva er krava i regelverket for sokkelen?

Svar

I realiteten, ja, for det ansvaret ein har etter HMS-regelverket for petroleumsverksemda på sokkelen, tilseier også at ein er i stand til å oppfylla det, jf. rammeforskrifta § 7 om ansvar etter denne forskrifta. Det går ikkje utan regelverkskompetanse, jf. også teksten i aktivitetsforskrifta § 21 om kompetanse:

Det skal sikres at personellet til enhver tid har den kompetansen som er nødvendig for å kunne utføre aktivitetene på en trygg måte og i henhold til helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen. I tillegg skal personellet kunne håndtere fare- og ulykkessituasjoner, jf. styringsforskriften § 14 om bemanning og kompetanse og denne forskriften § 23 om trening og øvelser.”

Sjå også rammeforskrifta § 12 om organisasjon og kompetanse og rammeforskrifta § 18 om kvalifisering og oppfølging av andre deltakarar.

I tillegg er det sett særskilte kompetansekrav til visse kategoriar personell ved at:

  • Arbeidsgjevarar kjem inn under arbeidsmiljølova § 3-5 om plikt for arbeidsgjevar til å gjennomgå opplæring i helse-, miljø- og tryggleiksarbeid, sjå rettleiinga
  • Verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval kjem inn under verneombodforskrifta § 12 om opplæring av verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval
  • Sistnemnde opplæring også er kravd for leiarar og andre med ansvar for avgjerder som gjeld arbeidsmiljøet, jf. aktivitetsforskrifta § 22 første ledd 

Opplæring

Grunnleggjande regelverkskompetanse, jf. dei generelle krava ovanfor, kan ein skaffa seg gjennom grunnkurset til RVK - Regelverkskompetanse for petroleumsnæringa. Kurset er også ein måte å oppfylla arbeidsmiljølova § 3-5 på, kravet til arbeidsgjevarar (her dei som kjem inn under vårt regelverk).

RVK er eit trepartssamarbeid som me tek aktivt del i. Kurstilboda frå RVK finn du her.