Kunstig intelligens (KI) er i ferd med å endra måten me jobbar på, også i energibransjen. Nye system og løysingar basert på KI kan bidra til betre sikkerheit og effektivitet. Men dei kjem også med risiko.

Risikofaktorane ved KI er noko me i Havindustritilsynet (Havtil) er opptekne
av, og som me understrekar gjennom Hovudtemaet vårt for 2025.

Me har snakka med teknologar, bedriftsleiarar, arbeidstakarar og forskarar i og utanfor bransjen om KI. Med dette set me lys på både risiko og moglegheiter, oppsider og nedsider – og får fram viktige meiningar om kva me må vera merksame på no som KI-bølga skyl inn over oss.

Podkast

Høyr også vår nye podkastepisode: Kunstig intelligens - vår tilnærming om utvikling, implementering og regulering av kunstig intelligens i sikkerheitskritisk teknologi.

Tidsskriftet Dialog

Artiklane er henta frå tidsskriftet vårt Dialog, som har som formål å opna for debatt om nokon av dei mest aktuelle problemstillingane og utfordringane næringa står overfor på sikringsområdet. 

Sjå alle utgåver av Dialog her